Denne mappa held fullformsordlistene frå Norsk ordbank:
http://www.edd.uio.no/prosjekt/ordbanken/

Sjå dei forskjellige .txt-filene for meir informasjon.
Merk at alle filene er gjorde om frå ISO 8859-1 og
Windows-linjeskift til UTF-8 med Unix-linjeskift.

Mappa «skript» inneheld program for oppslag i
fullformsordlistene, støtte for «bash completion»,
samt program for å henta ned og gjera klar 
ordlistefilene.

Skriv «make» for å klargjera ordlistefilene, og
så «make install» (typisk som rotbrukar) for å
installera programma og ordlistene. Skriv eventuelt
«make install PREFIX=adresse» for å installera i mappa
«adresse» i staden for i «/usr/local»

Hovudprogrammet heiter «ordbanken». Viss du berre 
vil slå opp i ordlistene, er dette det einaste 
programmet du treng bruka. Det har innebygd hjelp 
med eksempel og tips.

Viss du brukar KDE, kan du òg installera eit grafisk
brukargrensesnitt og eit såkalla «skjermelement»
(«widget»). Skriv «make install-kde-gui» (typisk som
rotbrukar), eventuelt «make install-gui PREFIX=adresse».
Avslutt så med «kbuildsycoca4» (som vanleg brukar).
No skal programmet vera tilgjengeleg i programmenyen
og i skjermelementmenyen. Sistenemnde finn du ved
høgreklikka på skrivebordet og velja «Legg til 
element».

Eg vil regelmessig oppdatera ordlistefilene med dei
nyaste frå Norsk ordbank.

                 Karl Ove Hufthammer <karl@huftis.org>


Heimeside for programmet, med ei kort innføring
og mykje informasjon:
http://huftis.org/artiklar/ordbanken/

Prosjektside for programmet, der du blant anna
kan melda frå om feil og melda deg på e-postlista:
https://savannah.nongnu.org/projects/ordbanken/

